Viktig informasjon for eit trygt og godt opphold

For at hunden din skal få eit trygt, hyggelig og forutsigbart opphold hos meg, er det viktig at du som eigar sett deg inn i retningslinjena nedenfor. Her finner du informasjon om helse og vaksiner, forsikring, kva du bør ta med, rutiner for inn- og utlevering, reglar for atferd og korleis du kontakter meg ved spørsmål eller nødstilfeller.

Kort oppsummert:

  • Hunden må vere vaksinert (inkl. kennelhoste) og frisk
  • Gje info om helse, allergiar og åtferd
  • Tilrår gyldig forsikring (eigar dekker evt. veterinærkostnader)
  • Ta med fôr, seng/teppe, leiker, medisinar og band/sele
  • Levering/henting til avtalt tid (kan bli tillegg ved avvik)
  • Hunden må vere sosial og handterbar (ikkje aggressiv)
  • Løpetid og spesielle behov må avtalast på førehand
  • Eg kan avbryte opphald ved risiko/utfordrande åtferd
  • Du må vere tilgjengeleg på telefon / oppgje kontaktperson
  • Tillegg i prisen ved behov for ekstra rehold/stell eller lufting
  • Avbestilling må gjerast skriftleg

Avbestilling (kort):

  • Gratis innan frist (5–14 dagar, avhengig av type opphald)
  • 50 % ved seinare avbestilling
  • 100 % ved svært sein avbestilling/utebliving
  • Unntak kan gjelde ved dokumentert sjukdom eller uventa hendelse.


Krav til vaksiner og helse

  • Hunden må vere grunnvaksinert i samsvar med tilrådingane frå veterinær.
  • Gyldig vaksine mot kennelhoste (ofte årleg) er påkravd. Send bilete av vaksinasjonskort eller dokumentasjon frå veterinær. 
  • Hunden skal vere fri for smittsame sjukdommar, parasittar (t.d. lus, lopper og mark) og nylege skadar. 
  • Gje meg alltid beskjed om kroniske sjukdommar, allergiar eller andre helseutfordringar.  


Forsikring

  • Eg tilrår at hunden har gyldig veterinærforsikring under heile opphaldet.
  • Eigaren er ansvarleg for kostnader knytte til eventuelle veterinærbesøk for hunden. 
  • Gje meg informasjon om forsikringsselskap og forsikringsnummer ved avlevering.  


Kva eigar må ta med

  • Fôr: Ta med nok av hunden sitt vanlege fôr for heile opphaldet.
  • Seng/teppe: Ein kjend liggjeplass gir tryggleik og ro. 
  • Leiker: Ta gjerne med ein favorittleike eller to. 
  • Medisinar: Dersom hunden går på medisinar, ta dei med. 
  • Halsband/sele og band: Hunden skal leverast med eit godt tilpassa halsband eller sele, og eit sikkert band.  


Inn- og utlevering

  • Inn- og utlevering skjer til avtalte tider. Gje beskjed i god tid dersom du blir forseinka eller treng å endre tidspunkt.
  • Ved innlevering går vi saman gjennom hunden sine behov og rutinar.
  • Under opphaldet får du oppdateringar undervegs, bilder & videoer om ønskjeleg.
  • Hunden skal leverast og hentast til avtalt tid, elles kan det kome tillegg i prisen.


Atferd, løpetid og spesielle behov

  • Hunden skal vere sosialt handterbar og ikkje vise farleg aggressiv åtferd mot menneske eller andre hundar.
  • Gje alltid ærleg informasjon om tidlegare åtferdsutfordringar (t.d. dominering, usikkerheit, bjeffing). 
  • Tisper i løpetid må avtalast på førehand. Ta med bleier eller tispetruse. Det kan kome eit gebyr for ekstra arbeid og stell. 
  • Hundar med spesielle behov (t.d. angst, rehabilitering eller særskilde treningsrutinar) må skildrast tydeleg før opphaldet. 
  • Det kan kome eit tillegg i prisen dersom opphaldet medfører ekstra arbeid, til dømes ved hyppige uhell som urinering inne, eller behov for ekstra vask og stell.  
  • Eg tek atterhald om retten til å avbryte opphaldet dersom hunden si åtferd utgjer ein risiko for seg sjølv, andre hundar eller menneske. 

Kontaktinformasjon og nødstilfeller

  • Du må vere tilgjengeleg på telefon, eller oppgje ein kontaktperson som kan nåast under heile opphaldet.
  • Ved akutt sjukdom eller skade kontaktar eg deg så raskt som mogleg og, ved behov, næraste veterinær. 
  • Gje meg skriftleg beskjed om kven eg kan kontakte, og eventuelle ønskje om spesifikk veterinærklinikk. 
  • Ved generelle spørsmål før eller under opphaldet oppmodar eg deg til å ta kontakt.




     

Avbestillingsregler for hundepass

Klare avbestillingsreglar gjer det tryggare både for deg som hundeeigar og for meg som hundepassar. Reglane sikrar forutsigbarhet og gir meg muligheten til å tilby plassen til andre hundar ved avbestilling, og vernar meg mot tap ved sein avbestilling eller utebliving. Les punkta nøye før du bestiller, slik at du veit kva fristar og vilkår som gjeld. 

Helgepass:

  • Meir enn 5 dagar før oppstart: gratis avbestilling
  • 2–5 dagar før: 50 % betaling
  • 0–1 dag før: 100 % betaling

Helgepass (sesong):

  • Meir enn 14 dagar før oppstart: gratis avbestilling
  • 4–14 dagar før: 50 % betaling
  • 0–3 dagar før / ved utebliving: 100 % betaling

Ukespass:

  • Meir enn 7 dagar før oppstart: gratis avbestilling
  • 3–7 dagar før: 50 % betaling
  • 0–2 dagar før: 100 % betaling

Ukespass (sesong):

  • Meir enn 14 dagar før oppstart: gratis avbestilling
  • 4–14 dagar før: 50 % betaling
  • 0–3 dagar før: 100 % betaling


  • Endring av datoar:
    Endringar som inneber kortare opphald enn opphavleg bestilt, blir rekna som delvis avbestilling og følgjer dei same fristane og gebyra som ovanfor.
  • Slik melder du avbestilling:
    Avbestilling skal meldast skriftleg. Avbestilling per telefon er berre gyldig dersom ho blir stadfesta skriftleg av meg. 
  • Unntak ved sjukdom:
    Ved akutt sjukdom hos hund eller eigar, dokumentert med veterinærattest eller legeerklæring, kan vi etter ei konkret vurdering fråfalle heile eller delar av gebyret. 
  • Hendingar utanfor kontroll:
    Ved hendingar utanfor partane sin kontroll (til dømes naturkatastrofar eller pålegg frå styresmaktene) kan opphaldet avlysast utan å måtte betale noko.
  • Ved tidlegare henting:

    Dersom hunden vert henta før avtalt sluttdato, må heile den reserverte perioden betalast. I høgsesong gjeld full pris for alle attverande dagar, medan det i lågsesong vert rekna 50 % betaling for dei resterande dagane. Dette gjeld uavhengig av årsaka til tidleg henting, til dømes endring eller avlysning av ferie. Plassen til hunden din er reservert for heile opphaldet, og det kan vere vanskeleg å fylle denne plassen på kort varsel dersom opphaldet vert forkorta.