

Om meg
Kvamme Dogcare blir drive av meg, Silje Kvamme, og held til i Dalekvam – midt mellom Bergen og Voss.
Eg har over 14 års erfaring med hund, og hund har alltid vore ei stor interesse for meg. Sidan eg starta Kvamme Dogcare i februar 2026, har eg fått gleda av å passa mange ulike hundar. Eg har hatt alt frå dagpass, kveldspass og døgnpass til vekeopphald og lengre ferieopphald. Undervegs har eg også blitt kjend med mange ulike rasar, mellom anna eurasiere, terriere, dachser, dansk-svensk gardshund, huskyer, pumi, basset hound, border collie og buhund.
Grunnen til at eg starta med hundepass, er først og fremst interessa eg har til hund. Eg hadde sjølv ein papillon i 13 år, og syntest det var vanskeleg å overlata henne til andre. Det gjorde at eg ofte valde å ikkje reisa bort. Nettopp derfor ønskjer eg å tilby eit trygt og godt alternativ for andre hundeeigarar – ein stad der du kan kjenna deg trygg på at hunden din blir godt teken vare på.
Det eg likar aller best med hundepass, er å bli kjend med dei ulike hundane og personlegdommane deira. Eg legg vekt på å tilpassa dagane etter kvar enkelt hund, med ein god kombinasjon av aktivitet, leik, ro og kos.
Hunden min, Saga, er ein 3 år gammal husky og ein viktig del av Kvamme Dogcare. Ho er sosial, trygg og glad i alle ho møter, og trivst veldig godt med hundar på besøk. Saga er flink til å leika og aktivisera dei andre hundane, samtidig som ho er god på å skapa tryggleik for dei som treng litt tid på å finna seg til rette. Ho gjer rett og slett ein stor del av jobben!
For nye kundar ønskjer eg gjerne eit besøk i forkant, slik at me får helsa på kvarandre og hundane får bli litt kjende før første opphald.
Under opphaldet legg eg eigarane til på Snapchat, der eg sender bilete og videoar undervegs. Du får dermed følgja litt med på kvardagen til hunden din medan han eller ho er hos oss.
Enten det er snakk om nokre timar, ei helg, ein ferie eller eit lengre opphald, er målet at både hund og eigar skal kjenna seg trygge og godt ivaretekne.
Praktisk informasjon
-
Tilpassa opphald etter hunden sine behov
-
Dagleg tur, aktivitet og sosial kontakt
-
Rolige omgjevnader
-
Tett oppfølging og mykje omsorg
-
Oppdateringar med bilete og video undervegs
Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat eller for å avtala eit besøk 😊
