Om meg


Kvamme Dogcare vert drive av meg, Silje Kvamme, og held til i Dalekvam – midt mellom Bergen og Voss.
Eg har over 13 års erfaring med hund, både med eigne og andre sine. Hund har alltid vore ei stor interesse for meg, og eg har brukt mykje av fritida mi på å læra, forstå og vera saman med hundar. Den rasen eg har mest erfaring med er husky, og eg har sjølv ein husky på 3 år.
Ho er sosial, trygg og glad i alle ho møter. Ho har eit godt og tydeleg kroppsspråk, og er til stor hjelp når me har besøk av andre. Ho bidreg både til leik og til å skapa tryggleik, særleg for hundar som treng litt tid på å finna roa i nye omgjevnader.
Eg ønskjer at nye kundar kjem innom på besøk i forkant, slik at både eg og hunden min får helsa på hunden dykkar. Dette gjer overgangen enklare og tryggare for alle partar.
Grunnen til at eg starta med hundepass kjem først og fremst av interesse og kjærleik til hund. Samstundes hadde eg sjølv ein papillon i 13 år, som eg syntest det var vanskeleg å overlata til andre. Det førte til at eg ofte valde å ikkje reisa bort. Nettopp derfor ønskjer eg å tilby eit trygt og godt alternativ.
Hos meg skal du kunna levera hunden din med ro i magen – enten det er for ein ferie, ei helg eller ein travel kvardag. Eg legg stor vekt på omsorg, tryggleik og tilpassing, og eg gjer alltid mitt beste for at kvar hund skal trivast og ha det godt.
Eg oppdaterer gjerne eigarane undervegs i opphaldet med bilete og videoar, tilpassa etter kor mykje oppfølging du ønskjer. Slik kan du kjenna deg trygg på at hunden din har det bra.
Praktisk informasjon
-
Tilpassa opphald etter hunden sine behov
-
Dagleg tur, aktivitet og sosial kontakt
-
Rolige omgjevnader
-
Tett oppfølging og mykje omsorg
-
Oppdateringar med bilete og video undervegs
Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat eller for å avtala eit besøk 😊
